Ordtaka 8 N78NN

Visdomen kallar

1 Høyr, korleis visdomsmøya ¬ropar,og vitet lyfter si røyst!

2 Ho står på bakketoppane ¬ved vegen,nett der stigane møtest.

3 Attmed portane ¬som fører inn i byen,attmed inngangen til portane ¬ropar ho høgt:

4 Eg ropar til dykk, godt folk,til menneska lyder mi røyst.

5 Lær dykk klokskap, ¬de urøynde,få vit, de dårar!

6 Høyr! Viktige ting ¬vil eg tala om,frå munnen min ¬kjem rettvise ord.

7 Mi tunge talar sanning,og lippene styggjest ¬ved det som er vondt.

8 Kvart ord frå min munn ¬er rett,det er ingenting vondt ¬eller vrangt i dei.

9 Dei er endeframme ¬for den vituge,lette å skjøna ¬for den som har kunnskap.

10 Ta imot mi åtvaring ¬heller enn sølv,den kunnskap eg gjev, ¬framfor utvalt gull.

11 For visdom er betre enn perler,av alle skattar er ingen ¬som den.

Visdoms frukt

12 Eg, visdomen, ¬har klokskap til granne,eg har kunnskap ¬og gjev gode råd.

13 Age for Herren ¬er å hata det vonde.Eg hatar hovmod og storlæte,stygg åtferd og svikefull tale.

14 Eg gjev råd og hjelp ¬som fører til framgang,eg har vit og styrke.

15 Ved meg kan kongar rådaog fyrstar fastsetja ¬kva som er rett.

16 Ved meg kan stormenn styraog alle hovdingar ¬døma rettferdig.

17 Eg elskar dei som elskar meg,og dei som leitar etter meg, ¬finn meg.

18 Hjå meg er rikdom og ære,gamalt arvegods ¬og rettkomen vinning.

19 Mi frukt er betre ¬enn det finaste gull,mi vinning betre ¬enn utvalt sølv.

20 Eg går på rettferds veg,held meg midt på ¬dei rette stigar.

21 Så gjev eg rikdom ¬til dei som elskar meg,og fyller deira forrådsrom.

Opphavet til visdom

22 Herren skapte meg fyrst av alt,eg var hans fyrste verk ¬i fordoms tid.

23 I opphavet vart eg forma,i fyrstninga, før jorda vart til.

24 Før havdjupet var der, ¬vart eg fødd,før kjeldene fyltest med vatn.

25 Før fjella vart sette på plass,før alle haugar vart eg fødd,

26 før Herren hadde skapt ¬jord og markerog den fyrste mold på jorda.

27 Eg var der ¬då han reiste himmelenog spente kvelven over djupet,

28 då han samla skyene der oppeog lét kjeldene i havdjupet ¬strøyma sterkt.

29 Då han sette grense for havet,så vatnet stansa der han baud,og han la grunnvoll ¬under jorda,

30 då var eg bygningsmann ¬hjå han.Eg var til glede for han ¬dag etter dagog leika meg støtt ¬for hans åsyn.

31 Eg leika på heile hans vide jordog hadde min hugnad ¬i menneskeborna.

32 Så høyr no på meg, mine born!Sæle er dei ¬som fylgjer mine vegar.

33 Høyr på mi formaning,og slå ikkje vrak på den!Så vert de vise.

34 Sæl er den som høyrer på meg,som dagleg vaker ¬ved mine dørerog held vakt ved mine portar.

35 For den som finn meg, ¬finn livetog får nåde hjå Herren.

36 Men den som ikkje finn meg, ¬skader seg sjølv;alle som hatar meg, ¬elskar døden.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31