Ordtaka 10 N78NN

På vitug manns lipper er visdom å finna

1 Ordtøke av Salomo. Ein klok son ¬er til glede for far sin,men ein uvitug son ¬er mor si til sorg.

2 Gagnlause er skattar ¬vunne med urett,men rettferd bergar frå døden.

3 Herren lèt ikkje ¬den rettferdige svelta,men seier nei ¬når dei gudlause krev.

4 Fattig vert den ¬som er lat i sitt arbeid,men strevsam hand gjer rik.

5 Klok er den som samlar i hus ¬om sommaren,skam får den ¬som søv i skurdonna.

6 Over hovudet ¬på den rettferdigekjem velsigning frå Herren,men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

7 Velsigna er minnet ¬om den rettferdige,men namnet åt dei gudlause ¬rotnar bort.

8 Klok er den ¬som tek boda til seg,men den som fer ¬med dumt snakk, fell.

9 Trygt går den ¬som er heil i si ferd,men den som går krokvegar, ¬vert gripen.

10 Den som blunkar listig ¬med auga, valdar skade,den som fer ¬med dumt snakk, fell.

11 Rettferdig manns munn ¬er ei kjelde til liv,men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

12 Hat vekkjer strid og trette,men kjærleik løyner alle brot.

13 På vitug manns lipper ¬er visdom å finna,men stokken skal brukast ¬på ryggen åt den tankelause.

14 Dei vise samlar på kunnskap;når dåren talar, er ulukka nær.

15 Rikmanns gods ¬er hans faste borg,armod er ulukka for dei fattige.

16 Det den rettvise tener, gjev liv,det den gudlause vinn, ¬fører til synd.

17 Å akta på tukt ¬er ein veg til liv,den som vanvørder refsing, ¬går seg bort.

18 Den som løyner hat, ¬har falske lipper,ein dåre er den ¬som fer med slarv.

19 Den som talar mykje, ¬syndar lett,klok er den som tøymer tunga.

20 Rettferdig manns tunge ¬er som utvalt sølv,det dei gudlause tenkjer, ¬er ingenting verdt.

21 Rettferdig manns lipper ¬styrkjer mange,men dårar døyr, ¬for dei har ikkje vit.

22 Det er Herrens velsigning ¬som gjer rik,eige strev legg ingenting til.

23 Skamlaus gjerning ¬er til lyst for dåren,den vituge gleder seg ¬over visdom.

24 Det den gudlause reddast, ¬kjem over han,dei rettferdige får ¬det dei lengtar etter.

25 Når stormen fer fram, ¬vert den gudlause borte,rettvis mann ¬har ein grunnvoll som varer.

26 Som eddik for tennene ¬og røyk for augoer den late tenaren ¬for sin herre.

27 Age for Herren forlengjer livet,men gudlause menn ¬får færre år.

28 Rettferdige menneske ¬har glede i vente,men vona kverv ¬for dei gudlause.

29 Herrens veg ¬er eit vern for dei ærlege,men ugjerningsmenn ¬går til grunne der.

30 Den rettferdige ¬skal alltid stå støtt,men dei gudlause ¬får ikkje bu i landet.

31 Rettferdig manns munn ¬ber visdoms frukt,men falske tunger ¬skal skjerast av.

32 Den rettferdige veit ¬å velja høvande ord,falskt er alt ¬det dei gudlause seier.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31