Ordtaka 17 N78NN

Den kloke har visdom for auga

1 Ein turr brødbit ¬i ro og freder betre enn festmåltid ¬med trette i huset.

2 Det kan henda at ein klok trælfår råda over ein uvisleg sonog får dela arven med brørne.

3 Sølvet smeltar dei i digelenog gullet i smelteomnen,men hjarto er det Herren ¬som prøver.

4 Ugjerningsmannen ¬aktar på vonde tunger,lygnaren høyrer ¬på skadeleg snakk.

5 Den som spottar den fattige, ¬hånar hans skapar,den som gleder seg over ¬ulukke, slepp ikkje straff.

6 Barneborn er ei krone ¬for dei gamle,og borna er stolte ¬av fedrane sine.

7 Det sømer seg ikkje for dåren ¬å bruka store ord,enn mindre for ein stormann ¬å lyga.

8 Ein lukkestein ¬er ei gåve for eigaren,kvar han vender seg, ¬går det han godt.

9 Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap,den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven.

10 Skjenn har betre verknad ¬på den vitugeenn hundre slag på dåren.

11 Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør,men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han.

12 Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar,enn å møta ein dåre, ¬dum som han er.

13 Når nokon løner godt ¬med vondt,skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans.

14 Å yppa strid ¬er som å opna for vatn.Hald opp før tretta bryt laus!

15 Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdiger ein styggedom for Herren.

16 Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren?Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit?

17 Ein ven viser alltid kjærleik,og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud.

18 Tankelaus er den ¬som gjev handslagog borgar for nesten sin.

19 Den som likar trette, ¬likar synd;og den som lagar ¬ei stor dør,søkjer sin eigen undergang.

20 Det falske hjarta ¬finn inga lukke,er tunga svikefull, ¬kjem ein i naud.

21 Sorg får den ¬som har ein dåre til son,far til ein narr har inga glede.

22 Glede i hjarta gjev god helse,mismod tærer på merg ¬og bein.

23 Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme,med dei vil han rengja retten.

24 Den kloke har visdom for auga,men dårens augo ¬når til heimsens ende.

25 Ein uvitug son argar far sin,er til beisk sorg ¬for henne som fødde han.

26 Det er ille for rettvis mann ¬å måtta betala bot,men at stormenn vert slegne, ¬er i strid med all rett.

27 Klok er den som sparer ¬på orda,den kaldblodige ¬er ein vitug mann.

28 Når dåren teier, ¬går han òg for vis,når han held munn, ¬gjeld han for klok.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31