Ordtaka 23 N78NN

1 Når du sit til bords ¬med ein mektig mann,så merk deg vel ¬kva du har framføre deg,

2 og set ein kniv på strupen dinom mathugen er for stor.

3 Ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter,for det kan vera svikefull kost.

4 Streva ikkje etter å verta riknår du då må gje opp ¬ditt gode skjøn.

5 Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte;brått har han fått seg vengerog flyg til vers som ei ørn.

6 Et ikkje brød ¬hjå den som misunner,ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter!

7 For han er ein mann ¬med baktankar.Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,»men hjarta hans ¬er ikkje med deg.

8 Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att,dine venlege ord er spilt møde.

9 Du skal ikkje tala til ein dåre,for han vanvørder ¬dine kloke ord.

10 Flytt ikkje gamle merkesteinar,og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!

11 For deira løysingsmann ¬er sterk,han skal føra saka ¬dei har med deg.

12 Ver viljug ¬til å høyra på formaning,og lyd på kloke ord!

13 Lat ikkje guten vera utan tukt!Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.

14 For når du slår han med riset,bergar du han frå dødsriket.

15 Son min, har du visdom ¬i hjarta,vert eg òg inderleg glad.

16 Det jublar inni megnår du talar det som er rett.

17 Ver ikkje arg på syndarar,men streva alltid ¬etter gudsfrykt!

18 Gjer du det, ¬har du ei framtid,og di von er ikkje ute.

19 Høyr no, son min, og vert vis,styr dine tankar ¬den rette vegen!

20 Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar,mellom dei ¬som fyller buken med kjøt.

21 For den som et og drikk, ¬vert fattig,og rusen kler folk i filler.

22 Høyr på far din, ¬som gav deg livet,og vanvørd ikkje ¬di gamle mor!

23 Kjøp sanning ¬og sel henne ikkje,kjøp visdom og tukt og vit!

24 Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla,den som får ein klok son, ¬vert glad.

25 Ver til glede ¬for far din og mor di,lat ho som fødde deg, ¬fegnast.

26 Son min, gjev meg hjarta ditt,bruk augo og akta ¬på mine vegar!

27 Ei skjøkje er som ei djup grav,ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.

28 Ja, ho ligg på lur som ein røvar,og aukar talet ¬på trulause menn.

29 Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve,kven har strid, ¬og kven må klaga?Kven har utan grunn fått sår,og kven har sløve augo?

30 Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk,dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.

31 Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er,kor fint han blenkjer i staupet,og kor lett han renn ned.

32 Sistpå bit han som ein slangeog høgg som ein hoggorm.

33 Då ser augo dine ¬underlege ting,og du talar tull og tøv.

34 Det er som låg du ¬midt utpå havet,eller klengde deg ¬til mastetoppen.

35 «Dei slo meg, ¬men det gjorde ikkje vondt;dei banka meg, ¬men eg kjende det ikkje.Når skal eg vakna or rusen?Då vil eg få tak i meir vin.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31