Ordtaka 24 N78NN

1 Ver ikkje arg ¬på vonde menn,ha ikkje hug til å vera med dei!

2 For dei tenkjer på å gjera vondtog talar berre om ulukke.

3 Med visdom byggjer ein hus,med skjøn reiser ein det.

4 Med godt skjøn vert roma fylteav alle slag dyre og fine ting.

5 Den vise mannen har styrke,den kunnige aukar si makt.

6 Med klok leiing ¬kan du føra krig;når mange gjev gode råd, ¬vinn du siger.

7 Visdom heng høgt for dåren,i rådet opnar han ikkje ¬sin munn.

8 Den som legg vonde planar,vert kalla ein renkesmed.

9 Det dåren finn på, er synd,og spottaren er ¬ein styggedom for folk.

10 Misser du motet ¬på trengselsdagen,då har du liten styrke.

11 Berga dei ¬som dei hentar til døden,hald att dei som skjelvande ¬går til rettarstaden.

12 Om du seier: ¬«Vi visste det ikkje»,skjønar han det likevel,han som prøver hjarto.Han som vaktar deg, veit detog løner kvar mann ¬etter hans gjerning.

13 Et honning, son min, ¬for den er god,den fine honningen ¬er søt for din gane.

14 Og vit at så er det òg ¬med visdom for sjela.Finn du den, ¬så har du ei framtid,di von er ikkje ute.

15 Ligg ikkje og lur, ¬du gudlause,på rettferdig manns bustad,og legg ikkje heimen hans ¬i øyde!

16 Sju gonger ¬kan den rettferdige fallaog reisa seg att,men dei gudlause stuper ¬når ulukka kjem.

17 Gled deg ikkje ¬når din fiende fell,fegnast ikkje når han stuper.

18 Elles vil Herren sjå det ¬med mishagog venda vreiden sin frå han.

19 Harmast ikkje ¬på dei som gjer vondt,og misunn ikkje dei gudlause!

20 For dei vonde ¬har inga framtid,lampa åt dei gudlause sloknar.

21 Ha age for Herren ¬og for kongen, son!Slå ikkje lag med opprørarar,

22 for brått er ulukka over dei.Kven veit når øydelegging ¬kjem frå dei begge?

Rett vitnemål og dom

23 Desse ordtøka er òg ¬av vismenn.Det er ille når ein domar ¬gjer skil på folk.

24 Seier nokon til ein skuldig: ¬«Du har rett»,så vil menneske forbanna hanog folkeslag ynskja vondt ¬over han.

25 Men dei som dømer rett, ¬går det vel,lukke og velsigning ¬kjem over dei.

26 Å gje greie svarer som å gje kyss på lippa.

27 Fullfør arbeidet ute,gjer deg ferdig på åkeren,så kan du byggja deg hus.

28 Ver ikkje utan grunnvitne mot nesten din!Du vil vel ikkje svika ¬med lippene dine?

29 Sei ikkje: ¬«Som han har gjort ¬med meg,så vil eg gjera med han;eg vil løna mannen ¬etter hans gjerning.»

Latskap og fattigdom

30 Eg gjekk framom ¬ein lat manns mark,langs vingarden ¬åt ein tankelaus mann.

31 Sjå, der var det fullt av nesler,grunnen var overgrodd ¬med ugras,og steingarden kringom ¬var nedriven.

32 Eg såg det ¬og beit meg merke i det,eg tok lærdom av dette synet.

33 «Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund,leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!»

34 Då kjem fattigdomen ¬som ein farande fantog nauda som ein tiggar.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31