Ordtaka 26 N78NN

Ein dårespegel

1 Som snø om sommaren ¬og regn i skurden,så lite høver ære for ein dåre.

2 Lik sporv og svale ¬som flyg utan mål,er grunnlaus forbanning ¬– ho råkar ikkje.

3 Som svepe til hesten ¬og taum til eseleter ris til ryggen på dårar.

4 Svar ikkje dåren ¬så dumt som han spør,elles vert du sjølv som han.

5 Lat dåren få svar ¬som høver til hans dårskap,så han ikkje vert vis ¬i eigne augo.

6 Den som sender bod ¬med ein dåre,høgg føtene av seg ¬og må tola hard medferd.

7 Slappe heng føtene ¬på den lame,så òg ordtak i munnen ¬på dårar.

8 Lik den som legg ein stein ¬i slyngja,er den som gjev ein dåre ære.

9 Som klungergrein ¬i handa på drukken manner ordtak i munnen på dårar.

10 Lik ein skyttar ¬som sårar kvar og ein,er den som leiger ein dåre,eller folk som råkar til ¬å gå framom.

11 Lik hunden som snur seg ¬til sitt eige spy,er ein dåre ¬som tek opp att sin dårskap.

12 Ser du ein mann ¬som trur han er vis,er det større von ¬for dåren enn for han.

Den late idest ingen ting

13 Den late seier:«Det er ei løve på vegen,ei ungløve i gatene.»

14 Døra svingar på gjenga,den late snur seg i senga.

15 Den late stikk handa i fatet,men idest ikkje ta henne ¬til munnen.

16 Den late trur han er visareenn sju som gjev kloke svar.

Sleipe lipper og vondskap i hjarta

17 Lik ein som tek tak i øyropå ein hund ¬som spring framom,er den som ryk opp i sinnefor ei trette ¬som ikkje kjem han ved.

18 Lik ein galen mann ¬som sender utbrannpiler og drepande skot,

19 er den som har svike ein venog seier: «Eg gjorde det ¬berre for moro.»

20 Når veden er ende, ¬sloknar elden;når baktalaren er borte, ¬stilnar tretta.

21 Det trengst kol til glør ¬og ved til eldog trettekjær mann ¬til å skapa strid.

22 Ein baktalars ord ¬er som godbitar,dei sig djupt ned ¬i kroppen.

23 Som sølvlag på ei leirskåler sleipe lipper ¬og vondskap i hjarta.

24 Ein uven skaper seg til ¬med lippene,men inni seg ber han ¬på svik.

25 Gjer han seg blidmælt, ¬så tru han ikkje,for det er sju slag styggedom ¬i hjarta hans.

26 Jamvel om ein døl sitt hat ¬med list,kjem vondskapen fram ¬når folket samlast.

27 Den som grev ei grav, ¬dett sjølv nedi,den som velter opp ein stein, ¬får han over seg.

28 Den som talar ¬med falsk tunge,hatar den han knuser;ein sleip munn ¬får mange til å falla.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31