Ordtaka 18 N78NN

Ein manns ord er som djupt vatn

1 Ein einstøing ¬fylgjer sin eigen hug,med stort hell yppar han strid.

2 Dåren bryr seg ikkje ¬om godt skjøn,han vil visa ¬kva han tenkjer sjølv.

3 Kjem gudlaus mann, ¬kjem vanvørdnad òg,og med skam fylgjer spott.

4 Ein manns ord ¬er som djupt vatn,og visdoms kjelde ¬er ein bekk som vell fram.

5 Det er ille ¬å halda med skuldig mannog driva den rettferdige ¬bort frå retten.

6 Dårens lipper valdar strid,og munnen hans ropar ¬etter riset.

7 Dårens munn ¬er til skade for han sjølv,og lippene er ei felle for han.

8 Ord av ein baktalar ¬er som dei beste retter,dei sig ned i kroppen.

9 Den som er lat i sitt arbeid,han er bror til øydaren.

10 Herrens namn ¬er eit festningstårn;dit spring den rettferdige ¬og vert berga.

11 Rikmanns gods ¬er hans faste borg,i hans tanke ¬er det som ein høg mur.

12 Før mannen fell, ¬er han stolt i hjarta,føre ære går audmykt.

13 At nokon svarar ¬før han høyrer,er dumt og til skam for han.

14 Motet held mannen oppe ¬i sjukdom,men mismod, ¬kven kan bera det?

15 Den kloke får seg kunnskap,dei vise legg vinn på ¬å høyra og læra.

16 Gåver opnar veg for mannenog fører han fram ¬for dei store.

17 Den som talar fyrst i ei sak, ¬har retttil motparten kjem ¬og granskar hans ord.

18 Loddkasting gjer ende ¬på tretter,ho avgjer strid ¬mellom mektige menn.

19 Har ein bror lide urett,er han verre å vinna ¬enn ei festning;å tretta med han ¬er som bom for ei borg.

20 Magen mettast ¬av munnens frukt,av det som lippene ber fram.

21 Tunga har makt ¬over død og liv,og dei som gjerne ¬brukar henne,får nyta hennar frukt.

22 Den som finn ei kone, ¬finn lukka;han har fått velvilje hjå Herren.

23 Den fattige kjem ¬med audmjuk bøn,den rike svarar med harde ord.

24 Det kan gå gale med ein mann ¬som har vener,men det finst vener som er ¬trugnare enn ein bror.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31