Ordtaka 4 N78NN

Set visdomen høgt!

1 Lyd etter, born,når far dykkar formanar,høyr på han, så lærer de skjøn!

2 God er den lærdom ¬eg gjev dykk.Vik ikkje av frå mi rettleiing!

3 Då eg var barn ¬og budde hjå far,var einaste småguten ¬heime hjå mor,

4 då lærte han meg og sa:«Lat hugen din halda fast ¬på mine ord,hald mine bod, ¬så skal du leva!»

5 Få deg visdom og kjøp deg vit,gløym ikkje det eg har sagt,og vik ikkje av frå det!

6 Gå ikkje bort frå visdomen, ¬så vaktar han deg,hald av han, så vernar han deg.

7 Vil du få visdom, så kjøp han,bruk alt det du eig ¬til å vinna vit!

8 Set visdomen høgt, ¬så lyfter han deg;tek du han til deg, ¬gjev han deg ære.

9 Han set ein fager krans ¬på ditt hovudog gjev deg ei strålande krone.

Vegen i ljoset og i mørkret

10 Høyr etter, son, ¬ta imot mine ord,så vert dine leveår mange.

11 Eg lærer deg visdoms vegog fører deg på dei rette stigar.

12 Når du går, ¬skal ingenting hindra foten,og når du spring, ¬skal du aldri snåva.

13 Hald alltid fast ¬på det du har lært,ta vare på det, for det er ditt liv.

14 Slå ikkje inn ¬på gudløysings stig,fylg ikkje vegen dei vonde går.

15 Sky han og hald deg unna,vend deg frå han og ¬gå utanom!

16 Dei gudlause får ikkje sovautan at dei har gjort ¬eitkvart vondt;dei misser svevnenom dei ikkje har fått ¬einkvan til å falla.

17 For vondskap er maten dei et,og valdsferd er vinen ¬dei drikk.

18 Men stigen åt dei rettferdige ¬er lik morgonglima,som vert bjartare og bjartare ¬til det er ljos dag.

19 Men den vegen dei vonde går, ¬er som kolmørkret;dei veit ikkje kva dei snåvar i.

Hald stø kurs!

20 Lyd på det eg seier, son min,vend øyra til og høyr mine ord!

21 Slepp dei aldri ut or syne,gøym dei djupt i hjarta!

22 For dei er liv ¬for den som finn dei,og helsebot for heile kroppen.

23 Ta vare på hjarta ¬framfor alt du tek vare på,for livet går ut frå det.

24 Hald deg frå falske ord,bruk aldri lippene til svik!

25 Lat augo dine sjå beint fram,fest blikket på det ¬som ligg framføre deg!

26 Legg merke til ¬dei far du skal fylgja,hald heile vegen stø kurs!

27 Vik ikkje av ¬til høgre eller venstre,hald foten din ¬frå det som er vondt!

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31