Ordtaka 20 N78NN

Rettferdig er den som er heil i si ferd

1 Vinen er ein spottar,den sterke drikk ¬ein bråkmakar,ingen som ragar av dei, er vis.

2 Når kongen trugar, ¬er det som løvebrøl,den som vekkjer hans vreide, ¬set livet på spel.

3 Å halda seg frå trette ¬er ei ære for mannen,men kvar dåre yppar strid.

4 Den late vil ikkje pløya ¬om hausten,i skurdonna leitar han ¬fåfengt etter grøde.

5 Som djupt vatn ¬er tankane i mannens hjarta,den som har vit, ¬kan ausa av dei.

6 Mange ropar ¬om sin eigen truskap,men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann?

7 Rettferdig er den ¬som er heil i si ferd,og lukkelege er borna ¬etter han.

8 Ein konge som sit ¬i domarsetet,skil ut alt vondt ¬med eit augnekast.

9 Kven kan seia:«Eg har reinsa hjarta,eg er fri for synd»?

10 To slag vekt og to slag måler begge ein styggedom ¬for Herren.

11 Alt guten syner i si ferdom livet hans vert reint og rett.

12 Øyra som høyrer, ¬og auga som ser,er begge skapte av Herren.

13 Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig,opnar du augo, ¬får du deg mat.

14 «Ringt, ringt,» seier kjøparen,men skryter av handelen ¬når han går bort.

15 Det finst gull og perler ¬i mengd,men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.

16 Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,ta pant hjå han for framande!

17 Godt smakar brød ¬som er vunne med svik,men sidan fyllest munnen ¬med småstein.

18 Når ein held råd, ¬lukkast planane;vis omtanke når du fører krig!

19 Den som baktalar, ¬spreier løyndomar,gjev deg aldri i snakk ¬med ein lausmunna kar!

20 Den som forbannar ¬far sin og mor si,hans lampe skal slokna ¬i tjukkaste mørkret.

21 Ein arv som ein altfor tidleg riv ¬til seg,gjev inga velsigning til slutt.

22 Sei ikkje: «Eg vil løna ¬vondt med vondt.»Venta på Herren, ¬så hjelper han deg!

23 To slag lodd ¬er ein styggedom for Herren,falsk vekt er av det vonde.

24 Det er Herren ¬som styrer mannens steg.Korleis kan mennesket ¬skjøna sin veg?

25 Det er farleg ¬å lova ei heilag gåveog fyrst sidan tenkja seg om.

26 Den vise kongen ¬skil ut dei gudlauseog lèt hjulet rulla over dei.

27 Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe,ho ransakar alle kammer ¬i hjarta.

28 Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen,han stør sin kongsstol ¬på truskap.

29 Styrke er ein prydnad ¬for ungdom,og grått hår ei ære ¬for den gamle.

30 Flengjer og slag ¬som sårar den vonde,reinsar hans hjartekammer.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31