Ordtaka 14 N78NN

Visdoms og dårskaps veg

1 Kvinnevisdom ¬byggjer huset,men dårskap ¬riv det ned med hendene.

2 Den som ferdast rett, ¬har age for Herren,den som går krokvegar, ¬vanvørder han.

3 Dårens munn ¬vert eit ris for hans hovmod,men for vismenn ¬er lippene eit vern.

4 Utan oksar er krubba tom,med sterke stutar ¬fylgjer stor avling.

5 Eit ærleg vitne lyg ikkje,men falske vitne fer med lygn.

6 Ein spottar søkjer visdom, ¬men finn han ikkje;for den som er klok, ¬er det lett å få kunnskap.

7 Hald deg borte ¬frå dumme menn,du finn ikkje vit ¬på lippene deira.

8 Det er klok manns visdom ¬at han kjenner sin veg,og dårars dårskap ¬at dei narrar seg sjølve.

9 Dårane spottar skuldofferet,men velvilje rår ¬mellom ærlege folk.

10 Hjarta kjenner si eiga sorg,og ingen annan ¬er med det i gleda.

11 Gudlause folk ¬får sitt hus lagt i øyde,men ærlege folk ¬ser teltet sitt bløma.

12 Om mannen meiner ¬at vegen er rett,kan han likevel enda i døden.

13 Jamvel når ein ler, ¬kan hjarta lida,og gleda endar ofte med sorg.

14 Den fråfalne får att for si ferd,og ein god mann ¬held seg borte frå han.

15 Ein godtruen mann ¬trur alt som vert sagt,den kloke gjev akt på sine steg.

16 Den vise ottast ¬og skyr det vonde,dåren går på ¬og kjenner seg trygg.

17 Den som er bråsint, ¬gjer dumme ting,den som tenkjer seg om, ¬vert mislikt.

18 Det dei godtrune får, ¬er dårskap,men dei kloke vert krona ¬med kunnskap.

19 Dei vonde må bøya seg ¬for dei gode,dei gudlause står ved dørene ¬åt dei rettferdige.

20 Jamvel av vener ¬vert den fattige hata,men mange er dei ¬som elskar den rike.

21 Synd gjer den ¬som vanvørder sin neste,sæl er den som har medynk ¬med armingar.

22 Dei som tenkjer ut vondt, ¬fer vilt,dei som har godt i tankar, ¬møter miskunn og truskap.

23 Alt strev fører vinning ¬med seg,men tomt snakk gjev berre tap.

24 Dei vise vert krona ¬med rikdom,dårars dårskap ¬er alltid dårskap.

25 Eit ærleg vitne bergar liv,men ein svikar er den ¬som fer med lygn.

26 Den som ottast Herren, ¬har eit trygt vern,og for hans born er det livd.

27 Age for Herren ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

28 Mykje folk ¬er ei ære for kongen,men for lite folk ¬gjer at fyrsten fell.

29 Visleg mann har godt skjøn,bråsinne er den største ¬dårskap.

30 Ro i hugen gjev kroppen liv,lidenskap er som rotenskap ¬i bein.

31 Den som er hard ¬med ein arming,spottar hans skapar,den som er mild mot dei ¬fattige, ærar Gud.

32 Den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap,i sin ærlegdom ¬finn den rettferdige livd.

33 I klok manns hjarta ¬finn visdomen ro,men hjå dårar ¬gjev han seg til kjenne.

34 Rettferd lyfter eit folk,men synd er ei skam for folka.

35 Kongen likar den kloke tenar,men harmast på den ¬som skjemmer seg ut.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31