Ordtaka 29 N78NN

Rettferdig styre

1 Ein mann ¬som får refsing ¬og endå er stridlyndt,han vert brått knust ¬og kan ikkje lækjast.

2 Når rettferdige får makta, ¬fegnast folket,når ein niding styrer, ¬sukkar folket.

3 Den som elskar visdom, ¬gleder far sin,den som held lag med skjøkjer, ¬øyder si eige.

4 Ein konge tryggjer sitt land ¬med rett,den som syg det ut, ¬legg det i øyde.

5 Ein mann som smeikjer ¬for nesten sin,set eit garn for føtene hans.

6 Ein vond manns synder ¬er ei felle for han,men den rettferdige ¬kan fegnast og gleda seg.

7 Den rettferdige veit ¬å hjelpa småkårsfolk i retten,men den gudlause ¬har ikkje vit på noko.

8 Spottarar øser opp heile byen,men vismenn får vreiden ¬til å stilna.

9 Når ein vis mann ¬har sak med ein dåre,vert det bråk og lått og inga ro.

10 Dei blodtyrste hatar ¬ein heidersmann,men dei ærlege tek seg av han.

11 Ein dåre gjev luft ¬for alt sitt sinne,men ein vismann held det att.

12 Ein hovding ¬som høyrer på lygn,får berre skarvar til tenarar.

13 Fattigmann og valdsmann ¬møtest,Herren gjev begge augneljos.

14 Når ein konge dømer ¬dei fattige rettferdig,står hans kongsstol støtt ¬for alltid.

15 Ris og refsing gjev visdom,men ein gut ¬som får gjera som han vil,fører skam over mor si.

16 Får nidingar makta, ¬aukar synda,men når dei fell, ¬vert dei rettvise glade.

17 Tukta son din, ¬så gjev han deg roog gjer deg glad i hugen.

18 Utan openberring ¬fer folket vilt,lukkeleg er den som held lova.

19 Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord,han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje.

20 Ser du ein mann ¬som er snar når han talar– det er større von ¬for dåren enn for han.

21 Når ein skjemmer bort trælen ¬frå ungdomen av,vert han strid og ulydig til sist.

22 Snarsint mann ¬valdar strid og trette,den brålyndte ¬gjer mykje vondt.

23 Hovmod fører menneske ¬til fall,men den audmjuke vinn ære.

24 Den som deler med tjuvar, ¬hatar sitt liv,han høyrer forbanninga, ¬men seier ikkje frå.

25 Den som reddast menneske, ¬set feller for seg sjølv,men den som lit på Herren, ¬er trygg.

26 Mange vil vinna velvilje ¬hjå ein hovding,men frå Herren ¬får mannen sin rett.

27 Dei rettvise styggjest ¬ved den som gjer urett,ein styggedom ¬for dei gudlauseer den som lever rett.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31