Ordtaka 16 N78NN

Lat Herren ta seg av alt ditt verk!

1 Mennesket legg planar,men ordet på tunga ¬kjem frå Herren.

2 Ein mann kan synast ¬at hans ferd er rein,men Herren prøver ¬menneskeånda.

3 Lat Herren ta seg av ¬alt ditt verk,så skal planane dine lukkast.

4 Alt det Herren har skapt, ¬har eit føremål,gudløysings lagnad ¬er ulukkedagen.

5 Kvar hovmodig mann ¬er ein styggedom for Herren.Ver trygg, ¬han slepp ikkje straff!

6 Med miskunn og truskap ¬vert synda sona,den som har age for Herren, ¬held seg frå det vonde.

7 Har Herren hugnad ¬i ein manns ferd,lèt han jamvel hans fiendar ¬halda fred med han.

8 Betre er lite med rettferdenn stor vinning med urett.

9 I hjarta tenkjer mannen ¬ut si ferd,men Herren styrer hans steg.

10 Det er kongens ord ¬som avgjer ei sak,han tek ikkje feil ¬når han dømer.

11 Rett vekt og vektskål ¬krev Herren,og alle vektlodd vedkjem han.

12 Nidingsdåd ¬er ein styggedom for kongar,rettferd tryggjer trona.

13 Kongen likar rettferdige ¬lipper,han elskar den som talar rett.

14 Kongens harme ¬ber bod om død,men ein vismann ¬kan stilla harmen.

15 Når kongens andlet lyser, ¬er livet berga.Hans velvilje ¬er som ei sky med vårregn.

16 Å vinna visdom ¬er betre enn gull,å få vit er meir verdt enn sølv.

17 Den kongsveg dei ærlege går, ¬er å vika frå det vonde,den som aktar på si ferd, ¬tek vare på livet.

18 Stormod fører til undergang,hovmod står for fall.

19 Betre å vera audmjuk ¬med armingarenn å dela hærfang ¬med dei stolte.

20 Den som aktar på ordet, ¬finn lukke,sæl er den som lit på Herren.

21 Klok kallar dei den ¬som har visdom i hjarta,veltalande ord ¬aukar eins lærdom.

22 Den som har skjøn, ¬har ei kjelde til liv,dårskap er den lærdom ¬dårar får.

23 Visdom i hjarta ¬gjev klokskap i tale,ein får meir og meir kunnskap ¬å bera fram.

24 Milde ord ¬er som drypande honning,søte for sjela ¬og sunne for kroppen.

25 Om mannen meiner ¬at vegen er rett,kan han likevel enda i døden.

26 Svolten får mannen ¬til å arbeida,mathugen driv han fram.

27 Nidingen grev ei ulukkegrav,det brenn som eld ¬på hans lipper.

28 Ein renkesmed skaper strid,den som baktalar andre, ¬skil ven frå ven.

29 Valdsmannen lokkar sin nesteog fører han inn ¬på ein farleg veg.

30 Når ein mann knip augo i hop,tenkjer han på ¬svikefull gjerning;og når han ¬pressar lippene saman,set han ulukka i verk.

31 Grått hår er ein fager krans,på rettferds veg ¬vert han vunnen.

32 Ein visleg mann ¬er betre enn ei kjempe;den som styrer sin hug,er betre enn den ¬som tek ein by.

33 Dei rister terningen i fanget,men avgjersla ¬kjem alltid frå Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31