8 Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi;den som riv ein mur, ¬kan ormen bita.
9 Den som bryt stein, ¬kan få mein av det.Den som høgg ved, ¬kan koma i fare.
10 Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt,må ein bruka di større kraft.Den vise har større von ¬om å lukkast.
11 Når ein mann vert biten ¬av ein ormfør maningsordet er sagt,kva gagn har han då ¬av si kunst?
12 Den vise vinn velviljemed orda han talar,men dårens lipper ¬skader han sjølv.
13 Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap,og det siste han seier, ¬er reine galskapen.
14 Dåren brukar mange ord;men ingen veit ¬kva som skal henda.Kven kan fortelja mannenkva som skal koma ¬når han er borte?