2 Del det du har ¬med sju eller åtte;for du veit ikkje kva ¬for ulukkersom kan henda på jorda.
3 Når skyene vert fulle av regn,auser dei det ut over jorda.Fell eit tre, ¬mot sør eller nord,vert det liggjande der det fall.
4 Den som aktar på vinden, ¬får ikkje så,den som kikkar på skyene, ¬får ikkje hausta.
5 Likså lite som du veitkva veg vinden blæs,eller korleis beina vert tilhjå fosteret i mors liv,likså lite kan du vitakorleis Gud som skaper alt, ¬gjer sitt verk.
6 Så ditt sæde om morgonen,og lat ikkje handa kvila ¬om kvelden.Du veit då ikkje ¬kva som vil lukkast,anten det eine eller det andre,eller om alt er like godt.
7 Ljoset er ein hugnad ¬for auga,det gjer godt å sjå sola.
8 Om åra vert mange, ¬skal mennesket levaog gleda seg over dei alle.Det skal tenkja ¬på dei mørke dagar,for av dei vert det mange.Alt som skal koma, er fåfengd.