15 Det som er, har eingong vore,og det som skal henda, ¬har hendt før.Gud tek fram att det ¬som kvarv.
16 Elles såg eg under sola:Der retten skulle rå, ¬var vondskap,på rettferds stad var gudløyse.
17 Då tenkte eg med meg:Det er Gud som skal dømabåde rettferdige og vonde.Han har fastsett ei tidfor kvart tiltak og kvar gjerning.
18 Eg tenkte med meg ¬om menneska:Gud prøver dei så dei kan sjåat dei i seg sjølve ¬ikkje er meir enn dyr.
19 Same lagnaden ventarbåde menneske og dyr.Den eine skal døy ¬som den andre,same livsanden har dei alle.Menneske har ingen føremon ¬framfor dyr.For alt er fåfengd.
20 Alle går til same staden.Av jord er alle komne,og til jord skal dei atter verta.
21 Kven veit om menneskeånda ¬stig opp,medan dyreånda ¬fer ned i jorda?