7 «Sei meg, ¬du som eg har så kjær,kvar gjæter du di hjord?Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid?Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slørder venene dine ¬gjæter si hjord?»
8 «Veit du det ikkje,du fagraste av kvinner,så fylg berre faret etter flokken,og lat dine kje få beitainnmed hyrdingbuene!»
9 «Med folane for faraos vognervil eg likna deg, min hugnad.
10 Vene er dine kinn, ¬prydde med band,og din hals med perler.
11 Lekkjer av gull skal vi laga degog med sølvperler på.»
12 Ljuvleg angar ¬min nardussalveså lenge kongen er med i laget.
13 Min ven er lik myrrabuntensom kviler ved min barm.