13 Frukta på vintreet raudnar,og det angar av vintre i blom.Stå opp, min hugnad!Kom ut, mi fagre møy!
14 Du mi due på berghylla,i livd under flogbratte fjell,lat meg få sjå din skapnad,lat meg få høyra ditt mæle!For di røyst er så mjukog din skapnad så fager.
15 Fanga revane for oss,dei små revane ¬som herjar i vingardane.For no står våre vingardar ¬i blom.
16 Min ven er min, og eg er hans,han som gjæter mellom liljer.
17 Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr,kom att, min ven!Fly som gasellen ¬og den unge hjortover balsam-angande fjell!