2 «Som ei lilje mellom klunger,så er min hugnad ¬mellom møyar.»
3 Som ein apal ¬mellom trea i skogen,så er min ven ¬mellom unge menn.I hans skugge ¬er det hugnad å sitja,hans frukt er søt i min munn.
4 Inn i vinhuset ¬har han ført meg;hans merke over meg ¬er kjærleik.
5 Styrk meg med druekaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.
6 Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,med den høgre ¬femner han meg.
7 Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!
8 Høyr, det er min ven.Sjå der, han kjemspringande over heiane,hoppande over haugane.