4 Inn i vinhuset ¬har han ført meg;hans merke over meg ¬er kjærleik.
5 Styrk meg med druekaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.
6 Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,med den høgre ¬femner han meg.
7 Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!
8 Høyr, det er min ven.Sjå der, han kjemspringande over heiane,hoppande over haugane.
9 Min ven er som gasellen,han liknar den unge hjort.Sjå, der står han ¬bortmed husveggen;han glytter inn ¬gjennom gluggenog ser inn mellom sprinklane.
10 Min ven tek til ords ¬og seier:Stå opp, min hugnad!Kom ut, mi fagre møy!