3 Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen:«Har de sett han ¬som leikar i min hug?»
4 Eg hadde ikkje før gått frå dei,så fann eg han ¬som leikar i min hug.Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkjefør eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi,i koven åt ho som fødde meg.
5 Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!
6 Kva er det som stig opp ¬frå øydemarkasom ei røyksøyle,omfløymd av angande myrra ¬og røykjelseog kræmarkrydder ¬av alle slag?
7 Sjå, det er Salomos berestolmed seksti kjemper ikringav Israels djervaste menn.
8 Alle er væpna med sverdog vel røynde i strid.Kvar mann ber sverd ved lendtil vern mot skræmsler i natta.
9 Kong Salomo laga ein berestolav tre frå Libanon.