1 «Eg kjem til min hage, ¬mi syster, mi brur,og plukkar min myrra ¬og balsam.Eg et min honning ¬og mi honningkakeog drikk min vin og mi mjølk.»Ja, et og drikk, mine vener,og lat kjærleiken riva ¬dykk med!
2 Eg søv, men mitt hjarta vaker.Høyr, min ven, han bankar på.«Lat opp for meg, mi syster,min hugnad, mi due,du lytelause, reine.For mitt hovud ¬er fullt av dogg,natta har vætt mine lokkar.»
3 «Eg har teke av meg kjolen,skal eg ta han på att?Eg har vaska mine føter,skal eg sulka dei til att?»
4 Min ven stakk handa inn ¬gjennom luka,då kløktest mitt hjarta ¬for hans skuld.
5 Eg stod opp, ¬ville opna for min ven;det draup myrra ¬av hendene mine,av fingrane rennande myrrasom vætte dørklinka.