3 «Eg har teke av meg kjolen,skal eg ta han på att?Eg har vaska mine føter,skal eg sulka dei til att?»
4 Min ven stakk handa inn ¬gjennom luka,då kløktest mitt hjarta ¬for hans skuld.
5 Eg stod opp, ¬ville opna for min ven;det draup myrra ¬av hendene mine,av fingrane rennande myrrasom vætte dørklinka.
6 Så opna eg døra for min ven,men min ven ¬hadde fare sin veg.Eg vart reint ifrå meg ¬fordi han var borte.Eg leita etter han, ¬men fann han ikkje;eg ropa på han, ¬men han gav ikkje svar.
7 Då møtte eg vaktmennenesom sveiv ikring i byen.Dei slo meg så eg fekk sår.Dei reiv sjalet av meg,vaktmennene på murane.
8 «Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer!Om de finn min ven,kva skal de då seia han?At eg er sjuk av kjærleik.»
9 «Kva er din ven framom andre,du fagraste av kvinner?Kva er din ven framom andre,sidan du naudbed oss så?»