4 Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer:Kvi vekkjer de kjærleiken,kvi eggjar de han ¬før sjølv han vil?
5 Kven er ho som kjem opp ¬frå øydemarka,stødd til sin ven?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde føderier,der ho fødde deg.
6 Set meg til eit segl ¬på ditt hjarta,eit segl på din arm!For kjærleiken ¬er sterk som dødenog mektig som dødsriket ¬i si trå.Han brenn som logande eld,han logar mot himmelen.
7 Vassflaumar ¬kan ikkje sløkkja kjærleiken,elvar kan ikkje fløyma han bort.Om einkvan ville gjealt han åtte for kjærleik,så vart han berre til narr.
8 «Vi har ei lita syster,som enno ikkje har bryst.Kva skal vi gjera ¬med syster vårnår friarane kjem?
9 Er ho ein mur, vil vi byggjatindar av sølv på han.Er ho ei dør, ¬vil vi stengja hennemed ein sederplanke.»
10 Eg er ein mur,og mine bryst er som tårn.I augo hans har eg vortelik ei som finn fred.