3 Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad,stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda.
4 Fjella brånar under han,og dalane rivnar,som voks når det brånar i eld,som vatn når det renn ¬utfor stup.
5 Alt dette henderfordi Jakob har falle frå,fordi Israel har synda.Kva er så Jakobs fråfall?Er det ikkje Samaria?Og kva er Judas synd?Er det ikkje Jerusalem?
6 Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøysog marka i byen ¬til vingardsjord.Eg velter steinane ned i dalenog legg ¬byens grunnvollar berre.
7 Alle gudebileta der ¬skal knusastog horegåvene brennast i eld,avgudsbileta gjer eg til inkjes.Med horeløn er dei samla,og til horeløn skal dei verta.
8 Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken ikring,klaga som sjakalenog jamra som strutsen.
9 For Juda har fått eit slag,og såret er ulækjande.Det har nått til porten ¬åt mitt folk,heilt til Jerusalem.