7 Alle gudebileta der ¬skal knusastog horegåvene brennast i eld,avgudsbileta gjer eg til inkjes.Med horeløn er dei samla,og til horeløn skal dei verta.
8 Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken ikring,klaga som sjakalenog jamra som strutsen.
9 For Juda har fått eit slag,og såret er ulækjande.Det har nått til porten ¬åt mitt folk,heilt til Jerusalem.
10 Fortel ikkje dette i Gat!Hald opp med gråt og skrik!Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!
11 Far nakne og vanæra bort,de som bur i Sjafir!Folket i Sa’ananvågar seg ikkje ut.Klageropa i Bet-Haeselriv grunnen bort under dykk.
12 Korleis kan folket i Marotventa seg noko godt,når ulukke frå Herrenslår ned ved Jerusalems port?
13 Spenn hestane for vogna,de Lakisj-buar!De vart opphav til Sions synd.Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.