9 For Juda har fått eit slag,og såret er ulækjande.Det har nått til porten ¬åt mitt folk,heilt til Jerusalem.
10 Fortel ikkje dette i Gat!Hald opp med gråt og skrik!Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!
11 Far nakne og vanæra bort,de som bur i Sjafir!Folket i Sa’ananvågar seg ikkje ut.Klageropa i Bet-Haeselriv grunnen bort under dykk.
12 Korleis kan folket i Marotventa seg noko godt,når ulukke frå Herrenslår ned ved Jerusalems port?
13 Spenn hestane for vogna,de Lakisj-buar!De vart opphav til Sions synd.Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.
14 Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve!Som ein sviktande bekker husa i Aksib ¬for Israels kongar.
15 Endå ein gong ¬sender eg mot dykk,de Maresja-buar,ein som skal leggja dykk ¬under seg.Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad.