1 I dei siste dagar ¬skal det hendaat Herrens tempelberg skal stågrunnfest høgt over alle fjellog lyfta seg opp ¬over alle haugar.Dit skal folkeslag strøyma.
2 Mange folk skal gå av stad ¬og seia:«Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell,til huset åt Jakobs Gud,så han kan læra oss sine vegar,og vi kan ferdast ¬på hans stigar!For frå Sion skal lovlære gå ut,og Herrens ord frå Jerusalem.»
3 Han skal døma ¬mellom mange folk,skifta rett for mektige folkeslag ¬langt borte.Då skal dei smida sverda sine om til plogjernog spyda sine ¬til vingardsknivar.Folk skal ikkje meir lyfta sverd ¬mot folkog ikkje lenger læra å føra krig.
4 Men alle skal sitja trygt,kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre,og ingen skal skræma dei.For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala.
5 Alle folka ferdast,kvart i sin guds namn;men vi skal evig og alltidferdast i Herren ¬vår Guds namn.
6 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,vil eg samla inn dei haltande,kalla saman dei bortdrivneog dei eg har fare ille med.