4 Men alle skal sitja trygt,kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre,og ingen skal skræma dei.For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala.
5 Alle folka ferdast,kvart i sin guds namn;men vi skal evig og alltidferdast i Herren ¬vår Guds namn.
6 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,vil eg samla inn dei haltande,kalla saman dei bortdrivneog dei eg har fare ille med.
7 Dei haltande gjer eg ¬til ein rest,dei bortdrivne ¬til eit mektig folk,og Herren skal vera konge ¬over dei på Sionfrå no og til evig tid.
8 Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug,til deg skal det ein gong koma,det herrevelde du hadde før,kongemakta i Jerusalem.
9 Men no, kvifor skrik du så sårt?Er det ingen konge hjå deg?Er han som rår over deg, ¬komen bortsidan du vrid deg ¬som i fødselsrier?
10 Skrik og vrid deg, Sions dotter,som ei fødande kvinne,for no lyt du bort frå byenog bu i villmarka.Du skal koma til Babel,men der vert du berga.Der vil Herren løysa deg utor handa på fiendane dine.