6 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,vil eg samla inn dei haltande,kalla saman dei bortdrivneog dei eg har fare ille med.
7 Dei haltande gjer eg ¬til ein rest,dei bortdrivne ¬til eit mektig folk,og Herren skal vera konge ¬over dei på Sionfrå no og til evig tid.
8 Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug,til deg skal det ein gong koma,det herrevelde du hadde før,kongemakta i Jerusalem.
9 Men no, kvifor skrik du så sårt?Er det ingen konge hjå deg?Er han som rår over deg, ¬komen bortsidan du vrid deg ¬som i fødselsrier?
10 Skrik og vrid deg, Sions dotter,som ei fødande kvinne,for no lyt du bort frå byenog bu i villmarka.Du skal koma til Babel,men der vert du berga.Der vil Herren løysa deg utor handa på fiendane dine.
11 No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg.Dei seier: «Sion er vanæra,vi ser på henne med lyst.»
12 Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankarog skjønar ikkje hans plan:å samla dei ¬som korn på treskjevollen.