9 Men no, kvifor skrik du så sårt?Er det ingen konge hjå deg?Er han som rår over deg, ¬komen bortsidan du vrid deg ¬som i fødselsrier?
10 Skrik og vrid deg, Sions dotter,som ei fødande kvinne,for no lyt du bort frå byenog bu i villmarka.Du skal koma til Babel,men der vert du berga.Der vil Herren løysa deg utor handa på fiendane dine.
11 No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg.Dei seier: «Sion er vanæra,vi ser på henne med lyst.»
12 Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankarog skjønar ikkje hans plan:å samla dei ¬som korn på treskjevollen.
13 Stå opp og tresk, ¬du Sions dotter,for eg vil gje deg horn ¬av jernog klauver av kopar.Du skal knusa mange folkog vigsla deira hærfang ¬til Herren,deira gods til hansom er herre over all jorda.
14 No risp deg opp, ¬du kringsette dotter!Dei har kasta opp ein voll ¬imot oss.Med stav slår dei ¬Israels herre på kinnet.