6 Mellom mange folk ¬skal Jakobs restvera som dogg frå Herren,som ei regnskur på gras.Dei ventar ikkje ¬på nokon mannog vonar ikkje på menneske.
7 Mellom folkeslaga ¬vert Jakobs rest– midt imellom mange folk –som løva mellom dyra i skogen,som ungløva i saueflokkar.Ho fer fram og trakkar ned,ho riv i hel, og ingen bergar.
8 Lat di hand vera lyftmot dine motstandarar!Må alle dine fiendar rydjast ut!
9 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,vil eg rydja ut hestane dineog gjera stridsvognene dine ¬til inkjes.
10 Byane i landet legg eg i øyde,og alle festningane ¬bryt eg ned.
11 Trolldomsmidla tek eg frå deg,og teikntydarar ¬skal du ikkje lenger ha.
12 Gudebileta dine rydjar eg ut,steinstøttene dine tek eg bort.Du skal ikkje lenger bøya degog tilbe det du sjølv har laga.