2 Høyr Herrens klagemål, ¬de fjell,lyd etter, de faste grunnvollar ¬under jorda!For Herren har sak ¬med folket sitt,han går til doms med Israel.
3 Mitt folk, kva har eg gjort deg?Kva har eg trøytta deg med?Gjev meg svar!
4 Eg førte deg opp frå Egyptog løyste deg ut or trælehuset.Eg sette Moses, Aron ¬og Mirjamtil å føra deg.
5 Mitt folk, kom i hug ¬kva planar han hadde,Balak, kongen i Moab,og hugs det svaret han fekkav Bileam, son til Beor,på vegen frå Sjittim til Gilgal,så du kan skjønaHerrens frelsesgjerningar.
6 Kva skal eg ha mednår eg stig fram for Herrenog bøyer meg for Gud ¬i det høge?Skal eg koma til han ¬med brennoffer,bera fram årsgamle kalvar?
7 Bryr Herren seg om verar ¬i tusental,om oljebekker i titusental?Skal eg ofra min fyrstefødde ¬for mitt brot,mi livsfrukt for mi synd?
8 Herren har då sagt deg, ¬menneske,kva godt er,og kva han krev av deg:At du skal gjera rett,visa trufast kjærleikog ferdast audmjukt ¬med din Gud.