8 Herren har då sagt deg, ¬menneske,kva godt er,og kva han krev av deg:At du skal gjera rett,visa trufast kjærleikog ferdast audmjukt ¬med din Gud.
9 Høyr, Herren ropar til byen!– Å ottast ditt namn ¬er visdom. –Høyr, du ætt og byforsamling!
10 Har den vonde enno i sitt husskattar samla på urett vis,og ein snau, forbanna efa?
11 Kan eg vera rein med urett vektog falske vektlodd i pungen?
12 Rikmennene dine ¬gjer valdsverk,borgarane dine fer med lygn,ei svikefull tunge ¬har dei i munnen.
13 Men eg vil ta til å slå deg,øydeleggja deg ¬for dine synder.
14 Du skal eta og ikkje verta mett,tom skal du kjenna deg.Det du legg til sides, ¬skal du ikkje berga,og det du bergar, ¬gjev eg til sverdet.