14 og gjorde livet bittert for dei. Dei påla dei hardt arbeid med leire og teglstein og allslags arbeid ute på marka. Alt dette slavearbeidet vart israelittane tvinga til å gjera.
15 Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearane – den eine heitte Sjifra og den andre Pua:
16 «Når de hjelper hebrearkvinnene til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, skal ho få leva.»
17 Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen hadde sagt dei. Dei lét gutane leva.
18 Då kalla egyptarkongen jordmødrene til seg og sa: «Kvifor gjer de dette? De lèt gutane leva!»
19 Jordmødrene svara farao: «Hebrearkvinnene er ikkje som dei egyptiske. Dei er meir livskraftige. Før jordmora kjem til dei, har dei fødd.»
20 Då gjorde Gud vel imot jordmødrene, og folket vart stort og overlag talrikt.