2. Mosebok 38 N11NN

Brennofferaltaret og bronsefatet

1 Så laga Besalel brennofferaltaret av akasietre, fem alner langt og fem alner breitt. Det var firkanta og tre alner høgt.

2 På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse.

3 Så laga han alt utstyret til altaret: fata, eldskuffene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alt dette utstyret laga han av bronse.

4 Han laga òg ei rist til altaret, ein bronsenetting, og la henne nedst under kanten, slik at ho nådde midt opp på altaret.

5 Og han støypte fire ringar til å stikka stengene igjennom, ein for kvart av dei fire hjørna av bronserista.

6 Han laga berestenger av akasietre og kledde dei med bronse.

7 Han stakk stengene inn i ringane på sidene av altaret så det kunne berast. Altaret var holt og laga av treplankar.

8 Så laga han bronsefatet med understellet av bronse. Det var laga av speglane til kvinnene som gjorde teneste ved inngangen til teltheilagdomen.

Føregarden

9 Så laga han føregarden. Mot sør, på sørsida av føregarden, laga han omheng av fint, tvinna lin, i ei lengd av hundre alner.

10 Til dei var det tjue søyler med soklar av bronse og hakar og band av sølv.

11 På nordsida laga han òg omheng i ei lengd av hundre alner, med tjue søyler og tjue soklar av bronse, og hakar og band av sølv.

12 På vestsida laga han omheng på femti alner med ti søyler og ti soklar og hakar og band av sølv.

13 På austsida, mot aust, var omhenget femti alner.

14 På den eine sida var det eit femten alner langt omheng med tre søyler og tre soklar,

15 og på den andre sida av porten til føregarden var det òg eit femten alner langt omheng med tre søyler og tre soklar.

16 Alle omhenga rundt føregarden var av fint, tvinna lin.

17 Soklane til søylene var av bronse, hakane og stengene til dei var av sølv, og søylehovuda var kledde med sølv. Alle søylene i føregarden hadde sølvband.

18 Til porten inn til føregarden var det eit forheng i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad. Teppet var tjue alner langt og fem alner høgt, etter breidda på veven, liksom omhenga rundt føregarden.

19 Til forhenget var det fire søyler med soklar av bronse. Hakane var av sølv, og søylehovuda og banda var kledde med sølv.

20 Alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han var av bronse.

21 Her er rekneskapen for bustaden – vitnemålsbustaden. Moses baud levittane setja bustaden opp, og Itamar, son til presten Aron, leidde arbeidet.

22 Besalel, son til Uri, son til Hur frå Juda-stammen, hadde gjort alt det som Herren hadde pålagt Moses.

23 Saman med han var Oholiab, son til Ahisamak frå Dan-stammen. Han var dugande i alt slag handverk og kunstnarleg arbeid og til å veva i farga garn og fint lin, i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt.

24 Alt gullet som vart brukt til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, det gullet som var gjeve som svingeoffer, var 29 talentar og 730 sjekel etter vekta i heilagdomen.

25 Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal i forsamlinga, var 100 talentar og 1775 sjekel etter vekta i heilagdomen,

26 ein beka per hovud, det vil seia ein halv sjekel etter vekta i heilagdomen for alle som vart talde, frå tjueårsalderen og oppover, og det var 603 550 mann.

27 Dei hundre talentane med sølv vart brukte til å støypa soklane til heilagdomen og soklane til forhenget, hundre talentar til hundre soklar, ein talent til kvar sokkel.

28 Og dei 1775 sjekel brukte dei til hakane på søylene, til å kle søylehovuda og til å setja band på dei.

29 Bronsen som vart gjeven som svingeoffer, var 70 talentar og 2400 sjekel.

30 Av den laga dei soklane ved inngangen til teltheilagdomen, bronsealtaret med bronserista som høyrde til, og alt utstyret til altaret,

31 soklane rundt føregarden og soklane til porten inn til føregarden, alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40