2. Mosebok 8 N11NN

Andre plaga: froskar

1 Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

2 Men nektar du å la dei dra, vil eg plaga heile landområdet ditt med frosk.

3 Det skal kry med frosk i Nilen. Dei skal kravla opp på land og koma inn i huset ditt, inn i soverommet ditt og opp i senga di, inn i huset til tenarane dine og til folket ditt, i bakaromnar og bakstetrau.

4 Froskane skal kravla opp på deg, på folket ditt og på alle tenarane dine.»

5 Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Lyft handa og rett ut staven din over elvane og kanalane og innsjøane. Lat froskane koma over Egypt!»

6 Og Aron rette handa ut over vatnet i Egypt, og froskane kravla opp og dekte landet.

7 Men magikarane gjorde det same med løyndomskunstene sine; dei fekk froskane til å koma over Egypt.

8 Farao kalla Moses og Aron til seg og sa: «Gå i forbøn hos Herren, så han tek froskane bort frå meg og folket mitt! Då vil eg la folket dra så dei kan ofra til Herren.»

9 Moses sa til farao: «Du skal få æra av å fastsetja kor lenge eg skal gå i forbøn for deg og tenarane dine og folket ditt for å få fjerna froskane frå deg og husa dine. Berre i Nilen skal det vera froskar att.»

10 Han svara: «Til i morgon.» Då sa Moses: «Det skal bli som du har sagt. For du skal kjenna at ingen er som Herren vår Gud.

11 Froskane skal bli borte frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal det vera froskar att.»

12 Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren om froskane som han hadde sendt mot farao.

13 Herren gjorde som Moses hadde sagt, og froskane døydde i husa, på gardsplassane og ute på markene.

14 Dei vart kasta saman i dunge på dunge, og heile landet stinka.

15 Men då farao merka at stanken letna, gjorde han seg hard i hjartet og høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.

Tredje plaga: lus

16 Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det bli til lus i heile Egypt!»

17 Det gjorde dei. Aron rette ut handa og slo med staven i støvet på jorda, og det kom lus på menneske og dyr. Alt støvet på jorda vart til lus i heile Egypt.

18 Med sine løyndomsfulle kunster prøvde magikarane òg å få fram lus, men det greidde dei ikkje. Lusa vart sitjande på både menneske og dyr.

19 Då sa magikarane til farao: «Dette er Guds finger.» Men hjartet til farao var ubøyeleg, og han høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.

Fjerde plaga: insektsvermar

20 Då sa Herren til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og stig fram for farao når han går ned til vatnet, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

21 For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg svermar med insekt over deg og over tenarane dine, over folket ditt og over husa dine. Husa i Egypt og jorda dei står på, skal bli fulle av insekt.

22 Men den dagen vil eg skilja ut Gosen, der folket mitt held til. Der skal det ikkje vera insekt, for at du skal kjenna at eg, Herren, er midt i landet.

23 Eg vil setja skilje mellom mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet skje.»

24 Og Herren gjorde så. Det kom veldige insektsvermar inn i husa til farao og tenarane hans. I heile Egypt vart landet øydelagt av insekt.

25 Då kalla farao Moses og Aron til seg og sa: «Gå og ber fram offer for dykkar Gud her i landet!»

26 Moses svara: «Det er ikkje rett å gjera det på den måten. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er avskyeleg for egyptarane. Om vi rett for auga på dei ofra noko som dei tykkjer er avskyeleg, ville dei ikkje då steina oss?

27 Vi vil gå tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, slik han seier til oss.»

28 Då sa farao: «Eg lèt dykk gå så de kan ofra til Herren dykkar Gud i ørkenen. Men de må ikkje dra for langt bort. Gå i forbøn for meg!»

29 Moses svara: «No går eg bort frå deg og går i forbøn hos Herren. I morgon skal insektsvermane vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Men farao må ikkje narra oss ein gong til, men la folket dra, så dei kan ofra til Herren.»

30 Så gjekk Moses bort frå farao, og han gjekk i forbøn hos Herren.

31 Og Herren gjorde slik Moses hadde sagt. Insektsvermane vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans, ikkje éin vart att.

32 Men også denne gongen gjorde farao seg hard i hjartet, og han lét ikkje folket dra.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40