2. Mosebok 5 N11NN

Farao nektar Israel å dra

1 Sidan gjekk Moses og Aron til farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan feira høgtid for meg i ørkenen!»

2 «Kven er Herren?» spurde farao. «Skulle eg lyda han slik at eg lét folket fara? Eg kjenner ikkje Herren, og eg vil ikkje la Israel fara.»

3 Dei sa: «Han som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal råka oss med pest eller sverd.»

4 Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor vil de halda folket borte frå pliktene? Gå tilbake til arbeidet dykkar!»

5 Så sa farao: «Sjå kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de få dei til å leggja ned arbeidet!»

6 Same dagen gav farao dette påbodet til slavedrivarane og oppsynsmennene for folket:

7 «Heretter skal de ikkje gje folket halm til å laga murstein med, slik som før. Dei skal sjølve gå og sanka halm.

8 Men de skal påleggja dei å laga same mengd med murstein som før og ikkje skjera ned. For dei er late, difor skrik dei: Lat oss dra og ofra til vår Gud!

9 Legg tungt arbeid på mennene, så dei har nok å gjera og ikkje får tid til løgnaktig snakk!»

10 Då gjekk slavedrivarane og oppsynsmennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm.

11 Gå sjølve og hent halm kvar helst de finn! Men det blir ikkje skore ned på arbeidsmengda.»

12 Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka strå til halm.

13 Slavedrivarane pressa på og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!»

14 Og dei vart slegne, dei oppsynsmennene som slavedrivarane til farao hadde sett over israelittane. Slavedrivarane sa: «Kvifor har de verken i går eller i dag fått ferdig den fastsette mengda med murstein, slik som før?»

15 Då gjekk dei israelittiske oppsynsmennene og ropa til farao: «Kvifor gjer du dette mot tenarane dine?

16 Tenarane dine får ikkje halm, likevel seier dei til oss: Lag murstein! Sjå, tenarane dine blir slegne, og det er ditt folk som har skulda.»

17 Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Lat oss dra og ofra til Herren.

18 Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, og de skal koma med den fastsette mengda med murstein.»

19 Dei israelittiske oppsynsmennene skjøna at dei var ille ute då det vart sagt: «De får ikkje skjera ned på den daglege mengda med murstein!»

20 Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei.

21 Dei sa til dei: «Måtte Herren sjå dykk og dømma dykk, for de har gjort oss fråstøytande i auga til farao og tenarane hans. De har lagt sverd i handa på dei så dei kan drepa oss.»

22 Då vende Moses seg på nytt til Herren og sa: «Herre, kvifor har du handla vondt mot dette folket? Kvifor har du sendt meg?

23 Frå den stund eg gjekk til farao for å tala i ditt namn, har han mishandla folket. Og du har ikkje gjort noko for å fria folket ditt ut!»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40