1 Dette er dei lovene du skal leggja fram for israelittane:
2 Når du kjøper ein hebraisk slave, skal han arbeida i seks år. Men i det sjuande året skal han setjast fri utan vederlag.
3 Kjem han som einsleg, skal han dra som einsleg. Er han gift, skal kona hans setjast fri saman med han.
4 Dersom herren hans gjev han ei kone og ho føder han søner og døtrer, skal kona og borna høyra til herren hennar, og han skal setjast fri åleine.
5 Men dersom slaven klårt seier: «Eg er glad i herren min og i kone og born, eg vil ikkje bli fri»,
6 då skal herren føra han fram for Gud og stilla han opp ved døra eller ved ein dørstolpe, og herren hans skal stikka ein syl gjennom øyret på han. Så skal han vera slaven hans for all tid.
7 Når ein mann sel dotter si som slavekvinne, skal ho ikkje gjevast fri på same måten som dei andre slavane.
8 Har herren hennar valt henne ut til seg sjølv, men likevel ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Men han har ikkje rett til å selja henne til eit framandt folk, sidan han har vore trulaus mot henne.
9 Men har han valt henne ut til son sin, skal han gje henne dei same rettane som døtrer har.
10 Får han endå ei kone, skal han ikkje la den første mangla kjøt, klede eller angande oljar.
11 Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag.
12 Den som slår eit menneske i hel, skal døy.
13 Om han ikkje hadde planlagt det, men det var Gud som lèt han falla for hans hand, då skal eg fastsetja ein stad han kan rømma til.
14 Men når nokon med overlegg og list drep nesten sin, då skal du ta han, om det så er frå altaret mitt. Han skal døy.
15 Den som slår far sin eller mor si, skal døy.
16 Den som bortfører eit menneske, skal døy, anten han sel det eller det blir funne hos han.
17 Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy.
18 Det kan henda at to menn kjem i trette. Den eine slår den andre med ein stein eller med knyttneven så han blir sengeliggjande, men han døyr ikkje.
19 Dersom han kan stå opp att og gå ute med stokk, skal han som slo, sleppa straff. Han skal berre betala skadebot for den tida han har tapt, og syta for at han blir heilt frisk att.
20 Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne med stokk, så slaven døyr for hans hand, då skal det hemnast.
21 Men lever slaven ein dag eller to, skal det ikkje hemnast, slaven er jo hans eigedom.
22 Det kan henda at nokon slåst og støyter til ei gravid kvinne så ho mistar barnet, men sjølv ikkje blir skadd. Då skal den skuldige betala den skadebota som mannen hennar pålegg han, og det skal skje hos dommarane.
23 Men skjer det ein skade, skal du bøta liv for liv,
24 auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot,
25 brannsår for brannsår, flengje for flengje, skramme for skramme.
26 Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne i auget og skamfer det, skal han gje slaven fri som vederlag for auget.
27 Slår han ut ei tann på ein slave eller ei slavekvinne, skal han gje slaven fri som vederlag for tanna.
28 Det kan henda at ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne. Då skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast, men eigaren av oksen skal sleppa straff.
29 Men dersom oksen hadde for vane å stanga, og eigaren ikkje såg etter han endå han hadde vorte åtvara, og oksen så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy.
30 Blir han ilagd bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som det blir kravd av han.
31 Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal same lova gjelda.
32 Men er det ein slave eller ei slavekvinne oksen stangar, skal eigaren gje herren deira tretti sjekel sølv, og oksen skal steinast.
33 Når ein mann lèt ein brønn stå open eller grev ein brønn utan å tekkja over, og ein okse eller eit esel dett nedi,
34 då skal den som eig brønnen, gje vederlag til den som eigde dyret, men det daude dyret kan han få ha.
35 Når ein okse skader ein annan manns okse så han døyr, skal dei selja den levande oksen og dela pengane. Det daude dyret skal dei òg dela.
36 Men var det kjent at oksen hadde for vane å stanga, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans.