2. Mosebok 11 N11NN

Tiande plaga: dei førstefødde skal døy

1 Herren sa til Moses: «Endå ei plage skal eg føra over farao og Egypt. Deretter skal han la dykk dra – ikkje berre la dykk dra, han skal jaga dykk ut herifrå.

2 Sei så folket høyrer det at kvar mann og kvar kvinne skal be naboen sin om ting av sølv og gull.»

3 Og Herren lét egyptarane sjå med velvilje på folket. Moses vart òg halden for ein svært stor mann i Egypt, både av tenarane til farao og av folket.

4 Moses sa: «Så seier Herren: Ved midnattstid vil eg gå gjennom Egypt.

5 Då skal alle førstefødde i Egypt døy, frå den førstefødde hos farao som sit på si trone, til den førstefødde hos slavekvinna som står bak kverna, og alle førstefødde dyr i buskapen.

6 I heile Egypt skal det lyda eit skrik så høgt at det aldri har vore maken til det før og heller ikkje skal bli det sidan.

7 Men ikkje ein hund skal knurra mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Slik skal de forstå at Herren set eit skilje mellom egyptarane og israelittane.

8 Då skal alle desse mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Dra ut, du og heile folket som følgjer deg! Og så skal eg dra ut.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.

9 Herren sa til Moses: «Farao kjem ikkje til å høyra på dykk. Så kan eg få gjort mange under i Egypt.»

10 Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra ut frå landet.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40