19 Jordmødrene svara farao: «Hebrearkvinnene er ikkje som dei egyptiske. Dei er meir livskraftige. Før jordmora kjem til dei, har dei fødd.»
20 Då gjorde Gud vel imot jordmødrene, og folket vart stort og overlag talrikt.
21 Og fordi jordmødrene frykta Gud, gav han dei etterkomarar.
22 Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar nyfødd gut skal de kasta i Nilen, men døtrene skal de la leva!»