5 Dei var i alt sytti personar, dei som stamma frå Jakob. Josef var alt i Egypt.
6 Så døydde Josef og alle brørne hans og heile dette slektsleddet.
7 Men israelittane var fruktbare, dei auka, vart mange og svært talrike. Landet vart fullt av dei.
8 Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef.
9 Han sa til folket sitt: «Sjå, Israelsfolket har vorte for stort og talrikt for oss.
10 Kom, lat oss gå klokt til verks mot dei, så dei ikkje blir endå fleire! For blir det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og dreg frå landet.»
11 Difor sette dei oppsynsmenn til å plaga israelittane med tvangsarbeid. Dei måtte byggja to forrådsbyar for farao, Pitom og Ramses.