9 Han sa til folket sitt: «Sjå, Israelsfolket har vorte for stort og talrikt for oss.
10 Kom, lat oss gå klokt til verks mot dei, så dei ikkje blir endå fleire! For blir det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og dreg frå landet.»
11 Difor sette dei oppsynsmenn til å plaga israelittane med tvangsarbeid. Dei måtte byggja to forrådsbyar for farao, Pitom og Ramses.
12 Men di meir dei vart plaga, di fleire vart dei, og di meir breidde dei seg utover. Og egyptarane vart redde israelittane.
13 Dei tvinga israelittane til slavearbeid
14 og gjorde livet bittert for dei. Dei påla dei hardt arbeid med leire og teglstein og allslags arbeid ute på marka. Alt dette slavearbeidet vart israelittane tvinga til å gjera.
15 Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearane – den eine heitte Sjifra og den andre Pua: