14 Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli.
15 Dei dekte alt synleg land, så jorda vart heilt svart. Og dei åt opp alt som voks i landet, og all frukt som var att på trea etter haglvêret. Det vart ikkje noko grønt att, korkje på tre eller planter, i heile Egypt.
16 Då sende farao i all hast bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk.
17 Men tilgjev meg no denne eine gongen. Gå i forbøn for meg hos Herren dykkar Gud så han kan ta denne døden bort frå meg!»
18 Og Moses gjekk bort frå farao og gjekk i forbøn hos Herren.
19 Då snudde Herren vinden, og han vart til ein sterk vestavind. Han førte grashoppene bort og kasta dei i Sivsjøen. Det vart ikkje ei einaste grashoppe att i heile Egypt.
20 Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra.