17 Men tilgjev meg no denne eine gongen. Gå i forbøn for meg hos Herren dykkar Gud så han kan ta denne døden bort frå meg!»
18 Og Moses gjekk bort frå farao og gjekk i forbøn hos Herren.
19 Då snudde Herren vinden, og han vart til ein sterk vestavind. Han førte grashoppene bort og kasta dei i Sivsjøen. Det vart ikkje ei einaste grashoppe att i heile Egypt.
20 Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra.
21 Herren sa til Moses: «Rekk handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tett at ein kan ta på det!»
22 Moses rekte handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar.
23 I tre dagar kunne ingen sjå kvarandre og ingen reisa seg frå plassen sin. Men der israelittane budde, var det lyst.