20 Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra.
21 Herren sa til Moses: «Rekk handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tett at ein kan ta på det!»
22 Moses rekte handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar.
23 I tre dagar kunne ingen sjå kvarandre og ingen reisa seg frå plassen sin. Men der israelittane budde, var det lyst.
24 Då sende farao bod etter Moses og sa: «Gå og ten Herren! Småfeet og storfeet må bli att, men borna kan gå med dykk.»
25 Moses svara: «Du skal sjølv gje oss slaktoffer og brennoffer så vi kan ofra til Herren vår Gud,
26 men buskapen vår skal òg vera med. Ikkje ei klauv skal vera att. For det er buskapen vi må ta av når vi skal tena Herren vår Gud. Og vi veit ikkje kva vi skal tena Herren med før vi kjem fram.»