24 Då sende farao bod etter Moses og sa: «Gå og ten Herren! Småfeet og storfeet må bli att, men borna kan gå med dykk.»
25 Moses svara: «Du skal sjølv gje oss slaktoffer og brennoffer så vi kan ofra til Herren vår Gud,
26 men buskapen vår skal òg vera med. Ikkje ei klauv skal vera att. For det er buskapen vi må ta av når vi skal tena Herren vår Gud. Og vi veit ikkje kva vi skal tena Herren med før vi kjem fram.»
27 Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han ville ikkje la dei dra.
28 Farao sa til Moses: «Gå frå meg! Ta deg i akt, så du aldri kjem framfor andletet mitt meir! For den dagen du gjer det, skal du døy!»
29 Moses svara: «Det er rett som du seier; eg skal aldri sjå andletet ditt meir.»