5 Dei skal dekkja alt synleg land, så ein ikkje lenger kan sjå jorda. Dei skal eta opp den resten som er att, det de har att etter haglet, og dei skal eta snautt kvart eit tre som veks på marka.
6 Dei skal fylla både husa dine og husa til tenarane dine og alle hus i Egypt. Noko slikt har korkje fedrane eller forfedrane dine sett frå den dagen dei kom til verda og til denne dag.» Så snudde han seg og gjekk bort frå farao.
7 Då sa tenarane til farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snare for oss? Lat mennene dra, slik at dei kan tena Herren sin Gud! Forstår du enno ikkje at Egypt går til grunne?»
8 Då vart Moses og Aron henta tilbake til farao, og han sa til dei: «Gå og ten Herren dykkar Gud! Men kven skal eigentleg gå?»
9 «Vi skal gå både unge og gamle», svara Moses. «Vi går med sønene og døtrene våre, og med småfeet og storfeet vårt, for vi skal halda høgtid for Herren.»
10 Men han sa til dei: «Herren skulle nok vera med dykk dersom eg lét dykk og småborna dykkar dra! Der ser de, de har vonde planar.
11 Nei, slik blir det ikkje! Mennene kan dra av stad og tena Herren, for det bad de om.» Dermed vart dei jaga bort frå farao.