8 Då vart Moses og Aron henta tilbake til farao, og han sa til dei: «Gå og ten Herren dykkar Gud! Men kven skal eigentleg gå?»
9 «Vi skal gå både unge og gamle», svara Moses. «Vi går med sønene og døtrene våre, og med småfeet og storfeet vårt, for vi skal halda høgtid for Herren.»
10 Men han sa til dei: «Herren skulle nok vera med dykk dersom eg lét dykk og småborna dykkar dra! Der ser de, de har vonde planar.
11 Nei, slik blir det ikkje! Mennene kan dra av stad og tena Herren, for det bad de om.» Dermed vart dei jaga bort frå farao.
12 Då sa Herren til Moses: «Rekk handa di ut over Egypt, så skal grashoppene koma over landet og eta opp alt som veks der, alt det som haglet lét stå att.»
13 Moses rekte staven sin ut over Egypt, og Herren dreiv ein austavind inn over landet heile den dagen og heile natta. Då det vart morgon, hadde austavinden ført med seg grashoppene.
14 Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli.