1 Herren sa til Moses og Aron i Egypt:
2 Denne månaden skal vera nyttårsmånaden dykkar. Han skal vera den første månaden i året.
3 Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd.
4 Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette.
5 Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje.
6 De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa.