10 De må ikkje la noko bli att til morgonen etter. Er det noko att om morgonen, skal de brenna det opp.
11 Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren.
12 Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren.
13 Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt.
14 Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.
15 I sju dagar skal de eta usyra brød. Alt den første dagen skal de ta surdeigen ut frå husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, frå den første til den sjuande dagen, skal støytast ut frå Israel.
16 Den første dagen skal de halda ei heilag samling, på den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Desse dagane skal de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til.